OM MUSEET
NYTT FRÅ MUSEET
UTSTILLINGER
SHETLANDSLARSEN
TELAVÅG TRAGEDIEN
NORDSJØFART
MULTIMEDIA
SKULEBESØK
PUBLIKUMSTENESTER
MUSEUMSKAFEEN
KONFERANSAR
2. VERDSKRIG PÅ NETT
TELAVÅG-
KONFERANSEN


Telavågtragedien

Telavåg spelte ei sentral rolle i flyktninge- og agenttrafikken under krigen. Tidleg om morgonen den 26. april 1942 slo Gestapo til mot to norske agentar som hadde kome frå Shetland til Telavåg. Dei skulle vidare på spesialoppdrag til andre stader i Norge. I kampen som følgde vart den eine agenten, Arne Værum, og to høgareståande Gestapo-offiserar, Gerhard Berns og Henry Bertram, skotne og drepne.

I represaliane som følgde vart alle hus sprengde og brende, husdyr vart førde bort og båtane senka eller tekne. Alle menn mellom 16 og 60 år vart arresterte og sende vidare til Sachsenhausen konsentrasjonsleir utanfor Berlin. Seinare vart nokre sendt vidare til Neuengamme og andre til Natzweiler. Av 72 telavågingar døydde 31 i tysk fangenskap. Kvinner, born og eldre vart internerte og haldne som fangar på Storetveit skole i Fana og på Framnes i Hardanger fram til 17. mai 1944. Den yngste var 12 veker, den eldste var 94 år.

På Trandum vart 18 unge englandsfararar avretta som represaliar for tapet av dei to tyske offiserane. Hausten 1943 vart også motstandsmannen som overlevde skyte-episoden i Telavåg,Emil G. Hvval, avretta på Trandum saman med den eldste sonen i huset i Telavåg der han fekk husrom.

Dei tragiske hendingane i 1942 har gjeve Telavåg ein særmerkt plass i norsk okkupasjonshistorie, og vi må utanfor landegrensene for å finne parallellar, som til dømes Lidice i Tsjekkia og Oradour- sur- Glane i Frankrike, sjølv om represaliane i desse to byane var enda hardare.

Utstillinga

Sjølve utstillinga er basert på bilete, tekst, modellar og ein del gjenstandar. Dei siste er det relativt få av, noko som understrekar kor altomfattande øydeleggingane var.


Sachsenhausen konsentrasjonsleir utanfor Berlin


Utstillinga i museet

Gestapo gjekk til aksjon mot to norske agentar som hadde kome frå Shetland til Telavåg.

Modell frå skytedramaet
i Telavåg, 26.04.1942.